Danse og speleøving søndag 13. mai 2012
Vindfylla Spelemannslag; http://www.vindfylla.no/
stod for kjempefin dansemusikk denne kvelden
Inge Gjul hadde laga ein turkopp som han overrakte til ein overraska og glad Kjartan.
Nydelig handverk med inngravering
Frukt te og kaffi i pausa.
Kjøkkengjengen denne kvelden
Det var mørkt fram i kråa til spelemenna men…
Fylkeskappleiken 14. april 2012 i Stryn
I år er Spelemannslaget Fjelljom vertskap for Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane.
Program ligg på heimesida til Sogn og Fjordane Folkemusikklag.
http://www.folkemusikklaget.no/fylkeskappleiken-2012.4910105-160217.html
Nordbygda Spel- og dansarlag 30 år
Folkemusikk, det er då for alle, – slik var det frå langt bak i tida.
Det var spel, det var dans, det var kveding, og alle var med, då bak i tida.
Slik var det også på våre kantar, Henjane, Lote og andre småbygder
Kvardagen ropa og kravde sitt, men i helgane dyrka ein desse dygder.
Så stilna det bort, - va’kje stas med den gamle musikken,
Dei fleste hengde felene vekk, – musikk fekk ein kjøpt på butikken.
Tonen, han levde no likevel han, han levde i tanke og sjel,
og ein og annan heldt spelet ved like, og brukte tida si vel.
Vi hadde ein Per, så kom det ein Arne, og tonen fann gjenklang i unge sinn,
For spelemenn, veit de, er aldri gamle, dei hyser ei glede dei finn.
***
Vegen som kom mellom Henjane og Lote førde til nye tider-
No kunne vi treffast som aldri før.
Kristen på trekkspel og Einar på fele, dei sette eld i gamle glør.
Dei spela så vakkert at folk måtte sukke: Tenk om vi hadde hatt eit spelemannslag her, – det hadde vore ei lukke.
Men vi er berre to, sa Einar då, for å få til eit lag må vi minst vere fem,
kva tenkjer de på?
Leiv, derimot, hadde tru på saka!
Han gjekk rundt og argumenterte, og tenk: Han fekk mange interesserte!
Fela på veggen vart henta ned att, og strengane talde og stemde!
Eit prøvande drag med bogen, men huff, det let som ein katt som remde!
Musikalitet det var ikkje nok, her måtte opplæring til.
Så ringde dei han Arne på Fjelli då, kom og lær oss, er du snill!
Jau, Arne han kom, og det vart kurs i Grendahuset. Flokken vart større
enn tanken var, heile femten sat der med bogane klar.
Spelet det kom seg, dag for dag,
og plutseleg var det skipa til spelemannslag.
Første styret besto av tre, og dei var lette å kåre:
Leif vart formann, Kristen skrivar, og Bjarne (som jobba i bank), vart betrudd å styre med pengane våre.
Med på toppen i laget kom Einar, som den jølvsagde musikalske leiar.
Medlemmane kom mest frå Henjane og Lote, og øvingsstadane skifte vi på.
Frå første stund vart det mat og kaffi, det sosiale er viktig og.
I folkemusikkmiljøet finns ingen alder, gamle og unge går godt i lag.
Generasjonskløft er berre eit ord, sjølv om aldersskilnaden kan vere stor.
Hjå oss var det heile femtisju år,
frå den yngste på tolv til han som hadde minst og gråaste hår.
Det gjekk ikkje trått med spelet vårt, fart og takt vart eit varemerke.
Einar kalla det ”bruksmusikk”, som berre skal vere å danse etter.
”Vi spelar slik at dei frå golv seg lettar, slik har tradisjonen vore jamnt.
Skal alt låte reint og fint og korrekt, nei, då vert det alt for tamt!”
***
Så vart det skipa til dansarlag, og annakvar søndag hadde dei øving.
Kursing vart det i alle slags dans, og flokken auka med læring og prøving.
Grendahuset på Lote vart for trongt, – eit luksusproblem, tenkte vi.
Så vart Valhall på Eid det faste punkt, for dans og leik og jøgleri.
Laget utvikla seg, vart røynde og disiplinerte i alle ting,
ja, ei tid hadde dei også barneleikarring!
***
Nordbygda Spel og Dansarlag består, ja, takk til dykk som held det i gang!
Frå eit prøvande kulturinitiativ, har det vakse til å bli eit tilbod av rang.
Vi gratulerar med jubileet, måtte de no halde ånda ved like!
Ta vare på livet, farten og låtten, vit at de er med på å gjere oss andre rike!
Gratulerar med jubileet!
Astrid Henden
Danseliste våren 2012
Då er det vel på tide å helse godt nyttår…. Vi har alt gjort unna første dansen i Valhall og komande søndag står årsmøte for døra. Vi reknar med at det også vert litt dansing frå ca halv 9
DANSEØVINGAR VÅREN 2012
Vi tek som før sikte på instruksjon og bytedansar før pausen som er ca 21.00. Dansen held på til ca 22.15 Vi har fått litt støtte til frukt på øvingane, og håpar på at kaffikokarane kan ordne med innkjøp og leggje ho på fat. Vi har konto på coop’en.
Kaffikokinga er sett opp ganske vilkårleg Håpa det er greitt og at de kan ordne med byte om det ikkje høver.
| Kl 20.00-22.15 | Kl 19.00-19.55 | |||||||
| 08.01 | Musikk | Vindfylla | ||||||
| Instruksjon | Kjartan – Rep. Runddans | |||||||
| Kaffi/frukt | Magni Strømmen/Helge Totland | |||||||
| 22.01 | Musikk | Eid Spelemannslag | ||||||
| Kaffi/mat | Dina og Svein Hjelle | |||||||
| 05.02 | ÅrsmøteMusikk | Til ca 20.30….?Nordbygda | OBS! ÅRSMØTET STARTAR KL 1900 | |||||
| Kaffi/mat | Styret | |||||||
| 19.02 | Musikk | Austrheim Musikklag | Bygdedans | |||||
| Instruksjon | ||||||||
| Kaffi/frukt | Norunn og Nils Dahlgren | |||||||
| Helgakurs? | ||||||||
| 04.03 | Musikk | Eid Spelemannslag | ||||||
| Instruksjon | Kjartan gamal parisar+div i masurkatakt | |||||||
| Kaffi/frukt | Alf Lefdalsnes /Hilde Hendriksen | |||||||
| 18.03 | Musikk | Nordbygda | ||||||
| Instruksjon | ||||||||
| Kaffi/frukt | Oddrun og Reidar Erviksæter | |||||||
| 01.04 | Musikk Eid Spelemannslag | |||||||
| Instruksjon | Kjartan – Reinlender m turar/tretur/åttetur | |||||||
| Kaffi/frukt | ?/Terje Heggen | |||||||
|
||||||||
| 13-14.04 | Fylkeskappleiken i Stryn | |||||||
| 15.04 | Musikk | Vindfyla spel- og dansarlag | ||||||
| Instruksjon | ||||||||
| Kaffi/frukt | Jan Torheim/Aud Sissel Orheim | |||||||
| 29.04Lote? | Musikk | Nordbygda | ||||||
| Instruksjon | ||||||||
| Kaffi/frukt | Berit Rise/Eldbjørg Helset | |||||||
| 13.05 | Musikk | Vindfylla spel- og dansarlag | ||||||
| Instruksjon | ||||||||
| Kaffi/frukt | Knut og Liv Lindvik Moen | |||||||
30-årsjubileumsfeiring laurdag 3. des. 19.30-01.00
Det er snart på tide å kome i jubileumsfeststemning. 30 år sidan oppstarten –
eit felekurs ein novemberkveld- også var det heile i gong. Ny veg og
felespel skulle spleise bygdene saman. Leiv Reksten ivra mykje og vart første
formannen, sjølv om han ikkje kunne spele fele….men det skulle han lære!
…men mest fekk vi no lære han å kjenne som dansa, der han piska oss rundt på
dansegolvet-på søndag kan han altså vere klar igjen (det er berre å gle seg),
og på festen 3. des. skal han leie oss igjennom programmet. Dette er rimelegvis
tida for å pusse støvet av gamle formenn, og Astrid Henden skal såleis
-geleide oss gjennom litt av historia til laget.
Vi
spør medlemmane m.a. om å trå til med kake eller gevinstar til
lotteri, men vi vil ha mykje kake og kanskje ikkje så veldig mange gevinstar –
skal jo bli ferdig med trekninga ein gong….Nåja – fordelinga blir sikkert bra.
På dansen
søndag 13. skal vi ha klar ei liste der ein kan melde seg på festen og ev. skrive
seg opp på diverse ”ytingar” – eller ytringar, om ein det måtte ynskje om
episodar som ein tykkjer høver å ta fram på slik ein dag.
Det vert også høve til å melde seg på seinare – sjå vedlegg(lenke).
So var det attende til det med å pusse støvet av dei gamle….Fint om tidlegare
medlemmar kunne finne gled i å ta del i arrangementet. Det ville også glede oss
som arrangerer. Håpar ”jungeltelegrafen” kan kome til nytte her….om de kjenner
nokon som kanskje har høyrt om ein eller annan som kanskje kan ha vore med ein
gong….ja so er det berre å sende vidare den glade bodskapen, og så vert det å
vone at mottakaren ikkje er tungbedd……men de må sjølvsagt gje han høve til å
fjelge seg litt først…..Vatn og handduk han ventar å få, som til bords vert
beden, syn godlaget fram så greileg du kan, med ord og attbeding.
Har du ein ven som vel du trur, og hjå han fagnad vil få - gjev han heile din hug og gåva ei spar – far og finn
han ofte! Vel møtt
NORDBYGDA SPEL 30 ÅRS JUBILEUM4
Dans i Valhall 13. og 27.november
Nordbygda spelar frå 20.00 13. novembeer – tema Hamborgare
Vindfylla spelar frå 20.00 27. november – tema Gamalt, polka m. støyt og gamal parisar
Dans til cd frå 19.00-20.00
Skjoratippen spel- og dansegilde
Program fredag i operahuset: Pris:
2000 Konsert v/Aasmund Nordstoga Konsert/konsert og dans
265 kr + 5 kr avgift
ca 2200-01.00 Dans til lokale spelemannslag Dans 100 kr
Program laurdag på Folkehøgskulen
19.30 Program v/ Konsert og dans 150 kr
- Stårheim songlag Dans 100 kr
- Tastamentet
- Ørjan Haugland
- Elin Grytting
- Rasmus Henden
ca 21.30-01.00 Dans til Randis orkester og lokale spelemannslag
Danseøving i Valhall
Danseøvingane tek til Søndag 28. aug kl. 2000. Gamle og nye medlemar er velkomne.
Gamaldans kurs for mindre øvde frå 1900 – 2000
ISLANDSTUR 5- 12 JULI 2011
I VESTERLED PÅ FOLKEMUSIKKFESTIVAL
EI GRUPPE DANSARAR FRÅ NORDBYGDA SPEL- OG DANSARLAG OG VINDFYLLA SPELEMANNSLAG VAR PÅ TUR TIL ISLAND 5.- 12. JULI 2011
Ein lystig gjeng på 53 personar reiste tidlig om morgonen 5. Juli med buss til Bergen og vidare med fly til Reykjavik.Sjølve turen hadde vore planlagt sidan i fjor sommar. Eit reisebyrå hadde lagt alt til rette for at det skulle bli ein vellukka tur.
Buss med sjåfør Birger var på plass og det same var guidane, Elli og Anne Merete. Dei følgde oss på heile turen. Elli hadde saman med oss planlagt ein tur spesiellt tilpassa vårt reisefølgje. .
Vi ankom Keflavik på ettermiddagen og drog direkte til
Den Blå lagune. Ein fanasstisk stad å bade. Sola var på Island og under heile turen fekk vi ikkje meir enn omlag 10 regndråpar i håret. Sola skein heile veka og temperaturen låg omkring 14 grader i sola. Det blåste ein kald vind spesiellt dei dagane vi var i Siglufjørdur.
Vi sjekka inn på Reykjavik Hotell Centrum.Om kvelden var det middag på resturanten Lækjarbrekka. Der fekk vi nydelig Islandsk buffet.
Dagen etter hadde vi til eigen disposisjon fram til klokka 1600 om ettermiddagen. Dette var dagen for shopping og sightseeing.Gågata og Shoppingsenteret Kringla vart besøkt det same vart mellom anna Hallgrims kyrkja i Reykjavik. Ho er Island si største kyrkje og den dominerer bybildet frå sin plass på toppen av ein bakke i enden av ei gate. Kyrkja har eit tårn som er 75 meter høgt og bygginga starta i 1945, men stod ferdig først 30 år seinare. Ho skal likne eit fjell av lava. og er oppkalla etter den islandske diktaren Hallgrímur Pétursson.
Klokka 1600 hadde vi vår første oppvising i Reykjavik på Ingòlfstorg nær hotellet. Vindfylla spelemannslag spelte opp og dansarane dansa. Vi hadde laga plakat slik at dei som såg på fekk vite kven vi var og kvar vi kom frå og kor lenge vi skulle vere på Island.
På kvelden hadde vi middag i det nye kulturhuset av glass i Reykjavik sentrum.
Torsdag 7. juli køyrde vi nordover i retning Siglufjörður. På veien stoppa vi i Reykholt, staden til høvdingen og dikteren Snorri Sturluson. Vi fekk ei uforgløymeleg omvising som skulle ta ein halv time, men den lokale guiden og presten gløymde viss tida for omvisinga tok ein time og vart avslutta med ein gammal Islandsk folketone i duett med vår guide – Ellie.
På vegen nordover landet stoppa vi også ved vassfalla Hraunfossar og Barnafoss og var og innom ei av verdens største varme kjelder, Deildartunguhver.
Vi gav oss god tid på veien og stoppa med jamne mellomrom.
Middag fekk vi denne dagen på Hotell Varmahlíð. Deilig tre retters middag med sjørøye til hovedrett. Ut på kvelden nådde vi overnattingsstaden Ólafsfjörður. Der sjekka vi inn på hotell og hytter. Badestampane på dei 5 hyttene vart fyllt opp med vatn frå varme kjelder. Fleire bada både i badestampane og ute i vatnet utanfor hyttene.
Neste dag gjekk turen til Akureyri. Vi fekk omvisning rundt om i byen før vi hadde oppvising saman med dansegruppa Vefarinn frå Akureyri på torget der. Så gjekk turen til folkemusikk festivalen på Siglufjörður.
På folkemusikkfestivalen var vi i to dagar . Vi hadde oppvising saman med to dansegrupper frå Island og ei frå Danmark. Vi hadde og kurs i Gamalt frå Breim med Kjartan Naustdal som instruktør og Sigmund Larsen som spelemann. Vi lærte nokre folkedansar frå Island av dei islandske folkedansarane. Buskspel sytte Vindfylla spelemannslag for. Det var fullt på konserten laurdagen og dei ikkje kom inn gjekk dei til næraste bar og fyllte den både med musikk og folk. Då gjengen gjekk der i frå stod betjeninga og vinka.
So gjekk ferda sørover igjen. Vi køyrde ein litt uvanlig vei sørover som kalles for Kjölur. I ca. 650 meter over havet kom vi til et geotermisk område som heter Hveravelllir. Der såg vi mange varme kjelder og mange nytta høvet å bade. Der var det varmt i vatnet og kjempemygg i lufta.
Vi fortsette til Gullfoss – den gylne fossen – som og vert kalt for kongen mellom vassfall på Island. Like ved Gullfoss stoppa vi ved Geysir, Strokkur og mange andre varme kjelder. Strokkur sprutar varmt vatn høyt til værs om lag kvart sjuande minutt.
Middagen den kvelden fekk vi på Hotell Hekla som også var overnattingsstedet vårt. Hotellet er oppkalt etter den kjente vulkanen Hekla.Vi hadde fin utsikt til vulkanen under middagen men utan eit aldri så lite utbrot som mange hadde ynskt seg. Etterpå spelte Vindfylla opp ut i dei små timar. Avslutninga på kvelden var av ei anna verd. For nokre songarar og spelemenn vi hadde med. Ei uforgløymeleg stund med dagfinn Lågeide på trekkspel, Reidar Erviksæter på gitar og forsongarar som Berner Midthjell, Trygve Hauge og Kjartan Naustdal.
Dagen etter kom vi til det gamle biskopsetet Skálholt og krateret Kerið. På vei inn til Reykjavik gjekk ferda innom vi Þingvellir, ein stad med rik historie og flott landskap som fortel om dei enorme krefter som fins i det indre av jorda der kontinentalplatene sig frå kvarandre 2 cm kvart år.
Siste dagen på Island kom vi attende til Hotell Reykjavik Centrum. Avslutningsfesten hadde vi i restaurant Perlan. Perlan ligg på ei høgde i Reykjavik og er ein av dei mest kjende turistattraksjonane i byen. Det har i lang tid vore vasstankar der, men i 1991 fikk dåverande ordfører i Reykjavik bygd ein bygning som har ein flott restaurant dekka av ein glaskuppel slik får ein god utsikt over Reykjavik. Restauranten dreiar rundt slik at i løpet av 2. timar går han heilt rundt..
Eit av vassbassenga er tømt og inneheld Sagamuseet. Museet fortel historia om den islandske sagaverda og islendingane sitt liv i fortid og notid.
Ein veldig vellukka og flott tur for ei gruppe der den eldste var 82 og den yngste berre 10 år.
This slideshow requires JavaScript.
Fylkeskappleiken i Naustdal, 1.-2. april 2011
Fylkeskappleiken i år var i Naustdal- og vi var med i lagdans. Vi dansa Gamalt og sjølv om vi kom på sisteplass hadde vi det fortreffeleg. Vi var så heldige å få hjelp av ein spelemann i særklasse. Tusen takk til Arne M. Sølvberg som spelte…. slik at vi fekk danse. Tok og med eit bilete av danselaget frå Spelemannslaget Fjelljom, som slo oss med 4 poeng:)
I avisa Firda står litt om kappleiken og resultat.
http://www.firda.no/nyhende/article5552947.ece
…vi syntest vi var veldig fine




























