Nyttårssoare i Ørsta
Innbyding frå Ørsta og Volda Folkedanslag
Dei ynskjer alle danseglade hjarteleg velkomne til NYTTÅRSSOARÉ i Ørsta kulturhus, flatsalen, laurdag 8. januar 2011 kl. 19.00.
Program: 1/2 time med variert kulturprogram Festmåltid Loddsal Dans frå kl. 21.00 til ca. 00.30 Fleire spelemannslag frå Sunnmøre og Nordfjord syter for god og variert dansemusikk.
Vi tek med: Mat på fat, godt humør, danseglede og loddpengar. Alle er hjarteleg velkomne til denne festen saman med alle dei gode spelemannslaga våre. Velkomne !
Skiping av Nordbygda spel og dansarlag
Frå tid til anna har det vore snakka bygdafolk i mellom om at ein skulle samla seg og fått organisert eit musikkliv i ei eller anna form. Men med dette som med mangt anna har det vorte berre med snakket. Ut på hausten 1981 vart det likevel noko meir handfaste planar om at ein skulle friste å skipe til eit kurs i felespel. Det var då om lag eit år sidan den nye vegen frå Lote til Hennebygda var opna for trafikk, og dette gjorde det mogeleg for dei interesserte i begge bygdane å gå saman om eit felles kurs. For å få økonomisk stønad frå staten måtte ein vere minst 5 deltakarar. Og etter at så mange hadde sagt seg interesserte tok Leiv Reksten det avgjerande steget og tok kontakt med Arne M Sølvberg, som er instruktør i Sogn og Fjordane folkemusikklag. Det vart då bestemt kurs den 28 og 29 november 1981. Kurset vart lyst ut med plakat på Lote, slik at alle som ville kunne melde seg på. Etter som datoen nærma seg, strøymde påmeldingane inn og gjekk til slutt langt over det dei største optimistane hadde rekna med. Og då kurshelga kom var det heile 15 stykke som samlast i Grendahuset på Lote.Mellom deltakarane var det stor skilnad, både i alder og i røynsle med fela. Dei yngste var 12 år og den eldste 69 og for fleire av utøvarane var det det aller fyrste møtet med fela, medan nokre hadde baska litt på eiga hand slik at dei kunne starve seg gjennom nokre få melodiar. Einar Henden var den einaste på kurset som merkeleg kunne spele frå før. Han er ein dugande spelemann som har fått mange premiar på kappleikar rundt om i distriktet. Med så mange deltakarar fann instruktøren at kurset måtte delast i to grupper. Ein samla alle nybyrjarane i ei gruppe og dei ”vidarekomne” i ei. Kvar gruppe øvde i to timar laurdag og to timar søndag. Av øvingsnumera for nybyrjarane kan nemnast: ”Gubben noa, eg er trett og går til ro og Lisa gjekk til skolen”. Medan dei vidarekomne starta opp med ”Gamal bruremarsj og Fjellbrura av Sigvald Sølvberg. Vart det sidan bestemt etter kurset a skipe lag og ble da val av styre. Etter noko ordskifte vart desse valde: Leiv Reksten forman, Bjarne Kårstad kasserar, Kristen Lotsberg skrivar. I tillegg vart Einar Henden vald til musikals leiar. Dette vart starten til Nordbygda Spel og Dansarlag 29. november 1981
DUGNADSFEST I VALHALL 11 DESEMBER 2010
Omlag 160 personar hadde meldt seg på festen som dei fire arrangørlaga; Fjelljom spelemannslag,Nordbygda spel- og dansarlag, Eid spelemannslag og Vindfylla spelemannslag hadde laga til.
Hello world!
Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!

















