Nordbygda Spel- og Dansarlag

ISLANDSTUR 5- 12 JULI 2011

I VESTERLED PÅ FOLKEMUSIKKFESTIVAL

EI GRUPPE DANSARAR FRÅ NORDBYGDA SPEL- OG DANSARLAG OG VINDFYLLA SPELEMANNSLAG VAR PÅ TUR TIL ISLAND 5.- 12. JULI 2011

Ein lystig gjeng på 53 personar reiste tidlig om morgonen 5. Juli med buss til Bergen og vidare med fly til Reykjavik.Sjølve turen hadde vore planlagt sidan i fjor sommar. Eit reisebyrå hadde lagt alt til rette for at det skulle bli ein vellukka tur.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Buss med sjåfør Birger var på plass og det same var guidane, Elli og Anne Merete. Dei  følgde oss på heile turen. Elli hadde saman med oss planlagt ein tur spesiellt tilpassa vårt reisefølgje. .

 

Vi ankom Keflavik på ettermiddagen og drog direkte til

Den Blå lagune. Ein fanasstisk stad å bade.  Sola var på Island og under heile turen fekk vi ikkje meir enn omlag 10 regndråpar i håret. Sola skein heile veka og temperaturen låg omkring 14 grader i sola. Det blåste ein kald vind spesiellt dei dagane vi var i Siglufjørdur.

Vi sjekka inn på Reykjavik Hotell Centrum.Om kvelden var det middag på resturanten Lækjarbrekka. Der fekk vi nydelig Islandsk buffet.

 

Dagen etter hadde vi til eigen disposisjon fram til klokka 1600 om ettermiddagen. Dette var dagen for shopping og sightseeing.Gågata og Shoppingsenteret Kringla vart besøkt det same vart mellom anna Hallgrims kyrkja i Reykjavik. Ho er Island si største kyrkje og den dominerer bybildet frå sin plass på toppen av ein bakke i enden av ei gate. Kyrkja har eit tårn som er 75 meter høgt og bygginga starta i 1945, men stod ferdig først 30 år seinare. Ho skal likne eit fjell av lava. og er oppkalla etter den islandske diktaren Hallgrímur Pétursson.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klokka 1600 hadde vi vår første oppvising i Reykjavik på Ingòlfstorg nær hotellet. Vindfylla spelemannslag spelte opp og dansarane dansa. Vi hadde laga plakat slik at dei som såg på fekk vite kven vi var og kvar vi kom frå og kor lenge vi skulle vere på Island.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På kvelden hadde vi middag i det nye kulturhuset av glass i Reykjavik sentrum.

Torsdag 7.  juli køyrde vi nordover i retning Siglufjörður. På veien stoppa vi i Reykholt, staden til høvdingen og dikteren Snorri Sturluson. Vi fekk ei uforgløymeleg omvising som skulle ta ein halv time, men den lokale guiden og presten gløymde viss tida for omvisinga tok ein time og vart avslutta med ein gammal Islandsk folketone i duett med vår guide – Ellie.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På vegen nordover landet stoppa vi også ved vassfalla Hraunfossar og Barnafoss og var og innom ei av verdens største varme kjelder, Deildartunguhver.

Vi gav oss god tid på veien og stoppa med jamne mellomrom.

Middag fekk vi denne dagen på Hotell Varmahlíð. Deilig tre retters middag med sjørøye til hovedrett. Ut på kvelden nådde vi overnattingsstaden Ólafsfjörður. Der sjekka vi inn på hotell og hytter. Badestampane på dei 5 hyttene vart fyllt opp med vatn frå varme kjelder. Fleire bada både i badestampane og ute i vatnet utanfor hyttene.

Neste dag gjekk turen til Akureyri. Vi fekk omvisning rundt om i byen før vi hadde oppvising saman med dansegruppa Vefarinn frå Akureyri på torget der. Så gjekk turen til folkemusikk festivalen på Siglufjörður.

På folkemusikkfestivalen var vi i to dagar . Vi hadde oppvising saman med to dansegrupper frå Island og ei frå Danmark. Vi hadde og kurs i Gamalt frå Breim med Kjartan Naustdal som instruktør og Sigmund Larsen som spelemann. Vi lærte nokre folkedansar frå Island av dei islandske folkedansarane. Buskspel sytte Vindfylla spelemannslag for. Det var fullt på konserten laurdagen og dei ikkje kom inn gjekk dei til næraste bar og fyllte den både med musikk og folk. Då gjengen gjekk der i frå stod betjeninga og vinka.

So gjekk ferda sørover igjen. Vi køyrde ein litt uvanlig vei sørover som kalles for Kjölur. I ca. 650 meter over havet kom vi til et geotermisk område som heter Hveravelllir. Der såg vi mange varme kjelder og mange nytta høvet å bade. Der var det varmt i vatnet og kjempemygg i lufta.

Vi fortsette til Gullfoss – den gylne fossen – som og vert kalt for kongen mellom vassfall på Island. Like ved Gullfoss stoppa vi ved Geysir, Strokkur og mange andre varme kjelder. Strokkur sprutar varmt vatn høyt til værs om lag kvart sjuande minutt.

Middagen den kvelden fekk vi på Hotell Hekla som også var overnattingsstedet vårt. Hotellet er oppkalt etter den kjente vulkanen Hekla.Vi hadde fin utsikt til vulkanen under middagen men utan eit aldri så lite utbrot som mange hadde ynskt seg. Etterpå spelte Vindfylla opp ut i dei små timar. Avslutninga på kvelden var av ei anna verd. For nokre songarar og spelemenn vi hadde med. Ei uforgløymeleg stund med dagfinn Lågeide på trekkspel, Reidar Erviksæter på gitar og forsongarar som Berner Midthjell, Trygve Hauge og Kjartan Naustdal.

Dagen etter kom vi til det gamle biskopsetet Skálholt og krateret Kerið. På vei inn til Reykjavik gjekk ferda innom vi Þingvellir, ein stad med rik historie og flott landskap som fortel om dei enorme krefter som fins i det indre av jorda der kontinentalplatene sig frå kvarandre 2 cm kvart år.

Siste dagen på Island kom vi attende til Hotell Reykjavik Centrum. Avslutningsfesten hadde vi i restaurant Perlan. Perlan ligg på ei høgde i Reykjavik og er ein av dei mest kjende turistattraksjonane i byen. Det har i lang tid vore vasstankar der, men i 1991 fikk dåverande ordfører i Reykjavik bygd ein bygning som har ein flott restaurant dekka av ein glaskuppel slik får ein god utsikt over Reykjavik. Restauranten dreiar rundt slik at i løpet av 2. timar går han heilt rundt..

Eit av vassbassenga er tømt og inneheld Sagamuseet. Museet fortel historia om den islandske sagaverda og islendingane sitt liv i fortid og notid.

Ein veldig vellukka og flott tur for ei gruppe der den eldste var 82 og den yngste berre 10 år.

 

This slideshow requires JavaScript.

 

juli 26, 2011 - Posta av | Bilete

Ingen kommentarar enno.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.