Nordbygda Spel- og Dansarlag

Fylkeskappleiken 14. april 2012 i Stryn

I år er Spelemannslaget Fjelljom vertskap for Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane.

Program ligg på heimesida til Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

http://www.folkemusikklaget.no/fylkeskappleiken-2012.4910105-160217.html

februar 18, 2012 Posta av | Aktivitetar 2012 | Kommenter innlegget

Nordbygda Spel- og dansarlag 30 år

Folkemusikk, det er då for alle, – slik var det frå langt bak i tida.

Det var spel, det var dans, det var kveding, og alle var med, då bak i tida.

Slik var det også på våre kantar, Henjane, Lote og andre småbygder

Kvardagen ropa og kravde sitt, men i helgane dyrka ein desse dygder.

Så stilna det bort, -  va’kje stas med den gamle musikken,

Dei fleste hengde felene vekk, – musikk fekk ein kjøpt på butikken.

Tonen, han levde no likevel han, han levde i tanke og sjel,

og ein og annan heldt spelet ved like, og brukte tida si vel.

Vi hadde ein Per, så kom det ein Arne, og tonen fann gjenklang i unge sinn,

For spelemenn, veit de, er aldri gamle, dei hyser ei glede dei finn.

***

Vegen som kom mellom Henjane og Lote førde til nye tider-

No kunne vi treffast som aldri før.

Kristen på trekkspel og Einar på fele, dei sette eld i gamle glør.

Dei spela så vakkert at folk måtte sukke: Tenk om vi hadde hatt eit spelemannslag her, – det hadde vore ei lukke.

Men vi er berre to, sa Einar då, for å få til eit lag må vi minst vere fem,

kva tenkjer de på?

Leiv, derimot, hadde tru på saka!

Han gjekk rundt og argumenterte, og tenk: Han fekk mange interesserte!

Fela på veggen vart henta ned att, og strengane talde og stemde!

Eit prøvande drag med bogen, men huff, det let som ein katt som remde!

Musikalitet det var ikkje nok, her måtte opplæring til.

Så ringde dei han Arne på Fjelli då, kom og lær oss, er du snill!

Jau, Arne han kom, og det vart kurs i Grendahuset. Flokken vart større

enn tanken var, heile femten sat der med bogane klar.

Spelet det kom seg, dag for dag,

og plutseleg var det skipa til spelemannslag.

Første styret besto av tre, og dei var lette å kåre:

Leif vart formann,  Kristen skrivar, og Bjarne (som jobba i bank), vart betrudd å styre med pengane våre.

Med på toppen i laget kom Einar, som den jølvsagde musikalske leiar.

Medlemmane kom mest frå Henjane og Lote, og øvingsstadane skifte vi på.

Frå første stund vart det mat og kaffi, det sosiale er viktig og.

I folkemusikkmiljøet finns ingen alder, gamle og unge går godt i lag.

Generasjonskløft er berre eit ord, sjølv om aldersskilnaden kan vere stor.

Hjå oss var det heile femtisju år,

frå den yngste på tolv til han som hadde minst og gråaste hår.

Det gjekk ikkje trått med spelet vårt, fart og takt vart eit varemerke.

Einar kalla det ”bruksmusikk”, som berre skal vere å danse etter.

”Vi spelar slik at dei frå golv seg lettar, slik har tradisjonen vore jamnt.

Skal alt låte reint og fint og korrekt, nei, då vert det alt for tamt!”

***

Så vart det skipa til dansarlag, og annakvar søndag hadde dei øving.

Kursing vart det i alle slags dans, og flokken auka med læring og prøving.

Grendahuset på Lote vart for trongt, – eit luksusproblem, tenkte vi.

Så vart Valhall på Eid det faste punkt, for dans og leik og jøgleri.

Laget utvikla seg, vart røynde og disiplinerte i alle ting,

ja, ei tid hadde dei også barneleikarring!

***

Nordbygda Spel og Dansarlag består, ja, takk til dykk som held det i gang!

Frå eit prøvande kulturinitiativ, har det vakse til å bli eit tilbod av rang.

Vi gratulerar med jubileet, måtte de no halde ånda ved like!

Ta vare på livet, farten og låtten, vit at de er med på å gjere oss andre rike!

Gratulerar med jubileet!

Astrid Henden

februar 18, 2012 Posta av | Aktivitetar 2011, Historia til laget | Kommenter innlegget

   

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.