Nordbygda Spel- og Dansarlag

OMTALE AV CD-EN I BLADET FOLKEMUSIKK

Trivelig ide.

Din og hass far sin.

Fem spelemannslag frå Nordfjord.

Eiga utgjeving.

I høve landsfestivalen 2010 har spelemannslaga Eid, Nordbygda, Fjelljom, Hornindal og Vindfylla gått saman om ei runddansplate. Dette er ikkje ei plate for den store marknaden, men ei plate som viser oss kva spelemenn i Nordfjord har å by på. Dette er det vi driv med, dette er spelemannslaga i Nordfjord, sjå kor artig og bra vi har det. Som deltakarpremie på festivalen er det ein trivelig ide.

Plata inneheld 27 runddansslåttar frå dei ulike bygdene med lagspel på ulikt nivå, somt med fele og somt med hardingfele, stort sett med trekkspel og komp. Etter mi meining kjem ikkje plata opp på eit høgt musikalsk nivå og det hjelper ikkje at lyden ikkje er særleg god. Men lagspelplater er spelte inn av  amatørar i ordets gode forstand. Slik vil lagspel alltid vere: oftast for laga sjølve og dei mest interesserte, og kanskje fyst og fremst viktig som dokumentasjon. Denne plata, som ei typisk lagspelplate, skil seg ikkje ut slik sett.

Aslak O. Brimi

februar 16, 2011 Posta av | Bilete, CDar, Historia til laget | Kommenter innlegget

   

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.