Nordbygda Spel- og dansarlag 30 år
Folkemusikk, det er då for alle, – slik var det frå langt bak i tida.
Det var spel, det var dans, det var kveding, og alle var med, då bak i tida.
Slik var det også på våre kantar, Henjane, Lote og andre småbygder
Kvardagen ropa og kravde sitt, men i helgane dyrka ein desse dygder.
Så stilna det bort, - va’kje stas med den gamle musikken,
Dei fleste hengde felene vekk, – musikk fekk ein kjøpt på butikken.
Tonen, han levde no likevel han, han levde i tanke og sjel,
og ein og annan heldt spelet ved like, og brukte tida si vel.
Vi hadde ein Per, så kom det ein Arne, og tonen fann gjenklang i unge sinn,
For spelemenn, veit de, er aldri gamle, dei hyser ei glede dei finn.
***
Vegen som kom mellom Henjane og Lote førde til nye tider-
No kunne vi treffast som aldri før.
Kristen på trekkspel og Einar på fele, dei sette eld i gamle glør.
Dei spela så vakkert at folk måtte sukke: Tenk om vi hadde hatt eit spelemannslag her, – det hadde vore ei lukke.
Men vi er berre to, sa Einar då, for å få til eit lag må vi minst vere fem,
kva tenkjer de på?
Leiv, derimot, hadde tru på saka!
Han gjekk rundt og argumenterte, og tenk: Han fekk mange interesserte!
Fela på veggen vart henta ned att, og strengane talde og stemde!
Eit prøvande drag med bogen, men huff, det let som ein katt som remde!
Musikalitet det var ikkje nok, her måtte opplæring til.
Så ringde dei han Arne på Fjelli då, kom og lær oss, er du snill!
Jau, Arne han kom, og det vart kurs i Grendahuset. Flokken vart større
enn tanken var, heile femten sat der med bogane klar.
Spelet det kom seg, dag for dag,
og plutseleg var det skipa til spelemannslag.
Første styret besto av tre, og dei var lette å kåre:
Leif vart formann, Kristen skrivar, og Bjarne (som jobba i bank), vart betrudd å styre med pengane våre.
Med på toppen i laget kom Einar, som den jølvsagde musikalske leiar.
Medlemmane kom mest frå Henjane og Lote, og øvingsstadane skifte vi på.
Frå første stund vart det mat og kaffi, det sosiale er viktig og.
I folkemusikkmiljøet finns ingen alder, gamle og unge går godt i lag.
Generasjonskløft er berre eit ord, sjølv om aldersskilnaden kan vere stor.
Hjå oss var det heile femtisju år,
frå den yngste på tolv til han som hadde minst og gråaste hår.
Det gjekk ikkje trått med spelet vårt, fart og takt vart eit varemerke.
Einar kalla det ”bruksmusikk”, som berre skal vere å danse etter.
”Vi spelar slik at dei frå golv seg lettar, slik har tradisjonen vore jamnt.
Skal alt låte reint og fint og korrekt, nei, då vert det alt for tamt!”
***
Så vart det skipa til dansarlag, og annakvar søndag hadde dei øving.
Kursing vart det i alle slags dans, og flokken auka med læring og prøving.
Grendahuset på Lote vart for trongt, – eit luksusproblem, tenkte vi.
Så vart Valhall på Eid det faste punkt, for dans og leik og jøgleri.
Laget utvikla seg, vart røynde og disiplinerte i alle ting,
ja, ei tid hadde dei også barneleikarring!
***
Nordbygda Spel og Dansarlag består, ja, takk til dykk som held det i gang!
Frå eit prøvande kulturinitiativ, har det vakse til å bli eit tilbod av rang.
Vi gratulerar med jubileet, måtte de no halde ånda ved like!
Ta vare på livet, farten og låtten, vit at de er med på å gjere oss andre rike!
Gratulerar med jubileet!
Astrid Henden
OMTALE AV CD-EN I BLADET FOLKEMUSIKK
Trivelig ide.
Din og hass far sin.
Fem spelemannslag frå Nordfjord.
Eiga utgjeving.
I høve landsfestivalen 2010 har spelemannslaga Eid, Nordbygda, Fjelljom, Hornindal og Vindfylla gått saman om ei runddansplate. Dette er ikkje ei plate for den store marknaden, men ei plate som viser oss kva spelemenn i Nordfjord har å by på. Dette er det vi driv med, dette er spelemannslaga i Nordfjord, sjå kor artig og bra vi har det. Som deltakarpremie på festivalen er det ein trivelig ide.
Plata inneheld 27 runddansslåttar frå dei ulike bygdene med lagspel på ulikt nivå, somt med fele og somt med hardingfele, stort sett med trekkspel og komp. Etter mi meining kjem ikkje plata opp på eit høgt musikalsk nivå og det hjelper ikkje at lyden ikkje er særleg god. Men lagspelplater er spelte inn av amatørar i ordets gode forstand. Slik vil lagspel alltid vere: oftast for laga sjølve og dei mest interesserte, og kanskje fyst og fremst viktig som dokumentasjon. Denne plata, som ei typisk lagspelplate, skil seg ikkje ut slik sett.
Aslak O. Brimi
Skiping av Nordbygda spel og dansarlag
Frå tid til anna har det vore snakka bygdafolk i mellom om at ein skulle samla seg og fått organisert eit musikkliv i ei eller anna form. Men med dette som med mangt anna har det vorte berre med snakket. Ut på hausten 1981 vart det likevel noko meir handfaste planar om at ein skulle friste å skipe til eit kurs i felespel. Det var då om lag eit år sidan den nye vegen frå Lote til Hennebygda var opna for trafikk, og dette gjorde det mogeleg for dei interesserte i begge bygdane å gå saman om eit felles kurs. For å få økonomisk stønad frå staten måtte ein vere minst 5 deltakarar. Og etter at så mange hadde sagt seg interesserte tok Leiv Reksten det avgjerande steget og tok kontakt med Arne M Sølvberg, som er instruktør i Sogn og Fjordane folkemusikklag. Det vart då bestemt kurs den 28 og 29 november 1981. Kurset vart lyst ut med plakat på Lote, slik at alle som ville kunne melde seg på. Etter som datoen nærma seg, strøymde påmeldingane inn og gjekk til slutt langt over det dei største optimistane hadde rekna med. Og då kurshelga kom var det heile 15 stykke som samlast i Grendahuset på Lote.Mellom deltakarane var det stor skilnad, både i alder og i røynsle med fela. Dei yngste var 12 år og den eldste 69 og for fleire av utøvarane var det det aller fyrste møtet med fela, medan nokre hadde baska litt på eiga hand slik at dei kunne starve seg gjennom nokre få melodiar. Einar Henden var den einaste på kurset som merkeleg kunne spele frå før. Han er ein dugande spelemann som har fått mange premiar på kappleikar rundt om i distriktet. Med så mange deltakarar fann instruktøren at kurset måtte delast i to grupper. Ein samla alle nybyrjarane i ei gruppe og dei ”vidarekomne” i ei. Kvar gruppe øvde i to timar laurdag og to timar søndag. Av øvingsnumera for nybyrjarane kan nemnast: ”Gubben noa, eg er trett og går til ro og Lisa gjekk til skolen”. Medan dei vidarekomne starta opp med ”Gamal bruremarsj og Fjellbrura av Sigvald Sølvberg. Vart det sidan bestemt etter kurset a skipe lag og ble da val av styre. Etter noko ordskifte vart desse valde: Leiv Reksten forman, Bjarne Kårstad kasserar, Kristen Lotsberg skrivar. I tillegg vart Einar Henden vald til musikals leiar. Dette vart starten til Nordbygda Spel og Dansarlag 29. november 1981




