Nordbygda Spel- og Dansarlag

FYLKESKAPPLEIK I JOSTEDALEN 20. -21. MARS 2015


Denne helga har nokre av spelemennene og dansarane i Nordbygda spel- og dansarlag vore på Fylkeskappleik i Jostedalen.

Spelemennene var med i ei samansett gruppe;  Nordfjordlaget, som vann klassa for samspel/gruppespel med 117 poeng.

Nordfjordlaget kom også på 3. plass i lagspel runddans.

Kjartan og Aud Sissel kom på 3. plass i pardans bygdedans hardingfele/fele kl.B.  Rasmus og Ingbjørn sytte for feiande flott musikk.

219

 

 

 

 

 

 

 

234

 

 

 

 

 

 

 

Kjartan og Laila frå Jostedalen kom på 3. plass Runddans senior hamborgar og vals.

Vi  dansa lagdans og hamna på 5. og siste plass. Vi kan ikkje skulde på spelemennene Rasmus og Ingbjørn- dei leverte:)

Det har vore ei helg med mykje dans, spel og dertil lite soving. Arrangørlaga hadde lagt ned mykje arbeid for å gjere kappleiken til eit vellukka arrangement.

 

232

 

 

 

 

 

 

214

 

 

 

 

 

 

 

213

 

mars 22, 2015 Posted by | Bilete | | Kommenter innlegget